Teigland om Osland

Erna Osland er fødd i Høyanger i Sogn i 1951. […] Ho er utdanna lektor med norsk, historie og folkeminne som fag, og ho har undervist både i barneskole, ungdomsskole og i vidaregåande. Interesse for lesing har ho alltid hatt. Som barn las ho mykje. Og ho fann tidleg ut at der ho skulle vere, måtte det finnast bøker. I eit intervju med forfattarkollega Per Olav Kaldestad i Litteratur for barn og unge 2003 (intervjuet er òg gjengitt på heimesida til Osland) fortel ho at ho lærte seg å lese to gonger. Den første gongen handla det om å avkode skrifta, lære seg bokstavar og setje dei saman til ord og meiningar. Den andre gongen handla det om å oppdage at det kom meir ut av teksten enn det som stod i han. Denne innsikta har ho teke med seg vidare, både som lærar, forfattar og formidlar.

I heile 15 år underviste ho i skolen, men i 1993 tok skrivinga over for alvor, og ho blei forfattar på heiltid. Likevel er skolen framleis ein viktig arena for henne. Ikkje berre er handlinga i fleire av bøkene hennar lagd til skolen: Som forfattar er ho ofte på skolebesøk. Ho fortel om bøker og held skrivekurs. For det er ikkje berre lesinga som opptek henne. Ho vil også at vi skal skrive meir. Skriving er ein måte å orientere seg i verda på, seier Osland, akkurat som lesing. Skrifta held verkelegheita fast for oss. Både lesing og skriving er langsame aktivitetar, og i det langsame ligg moglegheiter. Vi kan gå tilbake, skrive eller lese den same teksten om igjen. Vere i det vanskelege – eller det gode – så lenge vi sjølve ønskjer. Oppleve at vi finn nye ting for kvar gjennomgang. Vi kan stille nye spørsmål og gjennom det finne nye inngangar. Og når vi skriv, kan vi jobbe med å forme språket. Og ikkje minst: Alt saman kan gjerast fleire gonger!

Sjølv liker Osland å begynne om igjen, rydde i det ho har skrive. Ombestemme seg, endre, sjå korleis teksten kan forandre seg. Kort sagt: utforske moglegheitene. Det at ho har skrive så mykje, og innanfor så mange ulike sjangrar, er kan hende nettopp eit uttrykk for denne utforskartrongen.

I teksten «Å ta seg sjølv på fanget» har ho blant anna sagt dette om si eiga skriving: «Kvar skriveøkt er ei øving i å sanse: å sjå og høyre det ein vil fortelje om. Helst må det gjerast som om alt er nytt, utan den automatiseringa det vaksne livet har gitt ein.»

Prisar og utmerkingar

Erna Osland har fått fleire utmerkingar. Blant anna er ho den einaste «reine» barne- og ungdomsbokforfattaren som har blitt heidra som festspeldiktar under Festspela i Bergen.

  • Norsk vinnar i den nordiske barnebokkonkurransen (romanklassen) med Kryssord
  • Dammprisen 1991 for Reisa til Maria
  • Skolebibliotekarforeningens litteraturpris 1992 for Kryssord og Reisa til Maria
  • Diplom Pier Paolo Vergerio (europeisk barnebokpris) 1994 for Reisa til Maria
  • Nynorsk barnebokpris 1995 for Matti og den store stjernepassaren
  • Kulturdepartementets teikneseriepris 1996 for Ivar Aasen – ei historie om kjærleik
  • Sigmund Skard-stipendet 1996
  • Brageprisen 1999 for Salamanderryttaren
  • Kritikarprisen 1999 for Salamanderryttaren
  • Festspeldiktar i Bergen i 2004
  • Kulturdepartementets fagbokpris i 2005 for Skarpe tenner
  • Festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2007
  • Månadens forfattar på Kulturnett i juni 2007

Utdrag henta frå Biblioteksentralen sin “Les i skolen”-serie, “Å skrive om det som er viktig – møte med Erna Oslands tekstar”