Kokt fisk skal ikkje symje


Festspeldiktar Erna Osland. DEI NYNORSKE FES T SPELA • I var Aasen- tunet • 27. juni – 1. jul i 2007 • Ør st a og Volda

– Skriftspråket er ikkje berre ein reiskap til eksamen, det er brevet, det er diktet, det er dagboka – det er ein instans som du kan tru deg til. Om vi vil at barn skal skrive nynorsk, må vi gi dei høve til å lese nynorsk elles lurer vi dei, seier ein engasjert festspeldiktar. Erna Osland var ikkje i tvil om kva ho skulle svare, då ho i fjor haust fekk spørsmålet om å vere festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela i 2007.

– Eg synest det var ærefullt å bli spurt og inspirerande å få dette oppdraget. Det er viktig og rett av festspelarrangørane å fokusere på barnelitteratur. For at bruken av nynorsk skal bli styrkt, er eg overbevist om at barna må lese det, like det og få eit naturleg og godt forhold til det tidleg, seier Osland.

Meir stimulans

Ho har opplevd at barn på skriveskule spør om dei kan få skrive på bokmål fordi det er lettare, trass i at dei har opplæring på nynorsk. – Barn ser og høyrer bokmål mykje oftare enn nynorsk. Eg er ofte på skular som har leseaksjonar – kva bøker trur du barn les då, når det er bokhandlarar som for ein stor del styrer aksjonen? Kva bøker trur du ligg på lærarens pult som høgtlesing?

– Om vi vil at barn skal skrive nynorsk, må vi gi dei høve til å lese nynorsk elles lurer vi dei. Vi gjer skriftspråket vanskelegare enn det eigentleg er fordi vi svelteforar dei på gode førebilete. Mange gonger har eg lyst å ta ordet svik i bruk om barn som har nynorsk som opplæringsmål og ikkje får nok stimulans. Om vi ikkje klarer å gi dei nok språkleg stimulering, burde vi la dei få lov til å bruke bokmål. Men la det vere sagt, det står ikkje på at det ikkje finst nynorsk barnelitteratur, det står på tid og innsikt – og marknadsmakt – og sikkert noko meir som eg ikkje skjønner, seier festspeldiktaren.

Lyden av 30 blyantar

I vinter var ho ved to høve på Sunnmøre for å halde skriveverkstader, som ei førebuing til Festspela. – Skrivinga hjelper dei til å finne fram i seg sjølve. Og når dei les tekstane høgt, så oppdagar dei jo nye, spennande sider hos andre også. Det er dét, trur eg, som gjer dei så glade over eiga skriving. Og det er sjølvsagt det som gjer at det er så fint å halde på med dette. Det er ikkje berre lyden av 30 blyantar i full fart i eit elles stille klasserom, sjølv om den lyden er lyden over alle lydar for ein tidlegare norsklærar!

Lese og skrivelæraren greier eg visst aldri å bli kvitt, det går rett og slett ikkje når ein først har fått vere med på slik skriving. Men når ein er festspeldiktar, så får ein jo ønska sine oppfylte. Så da så, seier Erna Osland.

Erna Osland er fødd i Høyanger i 1951. Ho debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har etter det skrive meir enn 30 bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland har skrive noveller, romanar, sakprosa, ein teikneserie om Ivar Aasen, og under Festspela debuterer ho som skodespelforfattar. Ho har fått mange prisar for bøkene sine, og i 1999 vann ho både Brageprisen og Kritikarprisen for barneboka Salamanderryttaren.

Godt å lese

– Bøkene dine har blitt vurdert av andre, og også vunne fleire prisar. Kva meiner du sjølv er kjenneteikna for god litteratur? – God litteratur – den gjer deg vel godt når du les den? Du blir overraska, innvigd i noko nytt, klokare, gladare – ja, eller tristare, det kan jo vere godt å bli det også. Skremde er det mange av oss som gjerne vil bli når vi les, ikkje minst barn. Dei vil kjenne at lesinga gjer noko med dei, at dei må le eller grøsse. Eg kan hugse korleis eg las med heile kroppen da eg var yngre. Eg veit ikkje om eg kan den kunsten så godt lenger. No les eg vel mest med hovudet. Berre av og til lar eg meg rive med som ein barnleg lesar. Eg seier ikkje at dette er ein betre eller rettare måte å lese på, men den er annleis. Barn har forresten så mange måtar å lese på: dei les for å øve seg å lese. Dei les for å få tida til å gå. Dei les om tema som dei interesserer seg spesielt for. Og dei les – nett som vaksne – fordi dei må lese det andre har lese. Barns lesevanar er utruleg varierte, og skulelesinga gjer at dei møter eit vidare spekter av forfattarar og sjangrar enn den vanlege vaksne lesar gjer. Slik sett kan ein kanskje seie at barnelesaren er meir sofistikert enn den vaksne, meiner Erna Osland.

– Er det skilnader på kjenneteikna for god barneog ungdomslitteratur og vaksenlitteratur?

– Nei, men barneboka er ofte kortare, dermed har den færre personar, og ikkje så mange sidegreier i handlinga. Det vesle formatet kan sjølvsagt freiste ein forfattar til å levere ei for enkel historie, men formatet kan også utfordre forfattaren til å
levere ei meir gjennomtenkt, meir gjennomarbeidd historie, og da går det andre vegen! I ein god barnetekst tek forfattaren omsyn til lesaren sin utan at det går ut over verkets autonomi.

Bileta i bøkene

– Barnebøker er ofte rikt illustrerte, noko som gjerne tilfører ein ny dimensjon til teksten. Korleis finn du fram til rett illustratør til dei forskjellige prosjekta?

– Eg er så heldig at eg har forlag som både spør og lyttar, og har gitt meg sjanse til å samarbeide med særs flinke folk. La meg nemne dei tre siste: Marvin Halleraker har illustrert to fagbøker, mellom anna ei om skarpe tenner. Marvin har klart å understreke det farlege, som teksten vil formidle, sjølv om han må teikne absolutt fagleg korrekt. Haien, til dømes, syner tenner ved å gå til angrep på teksten. Slik blir illustrasjonen farlegare enn på foto, nesten farlegare enn om du møtte han i badebuksa! Marvin fekk pris frå Kultur- og kyrkjedepartementet for desse illustrasjonane, det var han vel verdt! Johanne Maria Hansen Krone har illustrert Du er vel vakker!, ein liten kjærleiksroman som kom ut i fjor. Ho har gjort heile boka vakker og vart belønna
med Grafill sin pris for Årets vakraste bok i sin klasse. Det kan eg godt forstå, for illustrasjonane er laga med stor respekt for dei to hovudpersonane som nettopp strevar med å finne respekt for eigen kjærleik. Så er det Inger Lise Belsvik, då, som skal stille ut her i Aasen-tunet. Ho skulle lage vignettar til Den farlege reisa. Og det kallar eg vignettar! Den dama er ikkje knuslete! Vignettane fyller ei sida kvar. Ikkje rart Kulturrådet også ville ha av dei, seier Erna Osland.

– Vi ser av bibliografien din at du er svært produktiv. Er det likevel stunder du ønskjer at du helst ikkje
skulle vore forfattar?

– Før, ja. Men ikkje no. Det rare med å skrive er at dess meir du skriv, dess meir vil du skrive. Forstå det den som kan!

Raud fiskesuppe

På Festspela blir det fleire høve til å bli betre kjend med forfattaren Erna Osland. Festspelpublikummet får også smake på andre sider av festspeldiktaren i kafeen i Aasen-tunet, der ein kan kjøpe festspeldiktaren sin livrett, raud fiskesuppe.

– Om eg får mange gjester heime og vil ha tid til å snakke med dei, lagar eg fiskesuppe. Eg har tre sjangrar: lys, kvit og raud, seier ho, og kjem med sine fiskesuppetips. – Eg rører aldri i suppebollen etter at fisken er komen oppi! Fisken må ikkje
få symje etter at han er kokt. Det var i havet han skulle det. Og ikkje skal han ha bein heller. Det er jo for å symje han må ha det, og den tid er over når han er komen på fest, seier Osland, som sjølv snart skal vere i sentrum i fem festspeldagar.

– Eg gler meg til å kome til det fine Aasen-tunet, til Noregs kanskje finaste hus – og få vere med
på ein fest for skrift. Det kunne ikkje bli betre! Eit godt teikna hus – slik som Aasen-tunet – er slik
som barnelitteraturen skal vere. Han skal brukast dagleg, vere praktisk for lesaren, og likevel vere
ei oppleving. Med andre ord: det nyttige og det estetiske i eitt og same kunstverk!