Litteraturen gjer liva våre lettare å forstå!


– Kva er det som inspirerar deg til å starte på ei ny bok? Er det ein konkret kjennskap til at ei slik bok manglar eller er det meir intuisjon?

Er vel begge deler. Først kjem lysta til å utforske eit tema. Så slår det jo ned i meg at nokon kanskje alt har skrive ei bok om dette før. Og dermed undersøkjer eg.

Er det ei skjønnlitterær bok, betyr det ikkje så mykje om det er bøker om dette temaet før. Vanlegvis er det det. Romanar vil bli ulike sjølv om dei tar opp same problemstilling. Er det ei fagbok eg vil skrive, må eg vurdere annleis. Eg må finne ut om dei bøkene som alt er skrivne om det påtenkte emnet, er fullgode. Kan eg tilføre noko? Eg synest jo det er viktig at bøkene kan lesast av barn og unge. Så det første spørsmålet eg må stille, er: Er det skrive ei bok om dette emnet som unge lesarar kan skjønne og ha glede av?

For tida skriv eg ei fagbok om søvn for rett små barn. Klart det er skrive bøker om søvn før, men ikkje for dei minste, dei som kvar kveld prøver å overbevise foreldra om at dei ikkje treng å sove. Det skal bli moro å fortelje dei det er nett det dei treng, og dei er ikkje aleine om å trenge det. Eg er så heldig å få Inge Lise Belsvik som illustratør til denne fagboka. Teksten er mest ferdig, no går eg og gler meg til å sjå illustrasjonane!

– Du skriv både skjønnlitteratur og faktabøker, fortel om korleis dei ulike sjangrane er å jobbe med. Har du svært ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet med ei faktabok enn til dømes ein roman?

Eg nærmar meg begge sjangrane på same måte. Eg snusar meg fram. Eg oppdagar noko som eg ikkje heilt forstår. Men –  eg vil finne ut av det! Blir det ei faktabok av det eg undrar meg over, begynner eg å samle informasjon, eg hamstrar på eit vis. Eg leitar og byggjer opp eit lager. Eg les, eg googlar, eg ringjer til folk. Eg skaffar meg informasjon på alle mogelege vis. Dette er forresten ein svært hyggeleg del av arbeidet. Folk er utruleg sjenerøse med kunnskapen sin. Dess meir dei kan, dess meir hjelpsame er dei.

Om det no viser seg at det skal bli ei skjønnlitterær bok, leitar eg meir i det stille. Eg snakkar helst ikkje om det. Eg leitar, les og lyttar. Eg tenkjer på personane mine. Og når eg ser dei slik nokolunde klart, begynner eg å skrive. Alt eg skriv er hemmeleg. Eg spør ingen. Eg berre skriv og skriv. Til dess det boklege universet er klart, først da slepper eg redaktøren min inn. Og så er det å arbeide vidare. Det tar lang tid å skrive ein roman.

– Bøkene dine er ofte rikt illustrert, korleis føregår samarbeidet mellom forfattar og illustratør?

Fagbøkene mine er illustrerte. Illustrasjonen er jo nyttige om ein vil forklare eller syne noko. I boka Skarpe tenner har Marvin Halleraker teikna ein hai som bit seg gjennom teksten og er klar til å glefse i seg lesaren også.

– Har du eit slags testpanel av unge lesarar som kjem med innspel på bøkene dine under arbeid eller er det først når boka kjem ut du får responsen?

Nei, eg skriv som dei som skriv for vaksne. Eg skriv slik eg sjølv meiner boka skal vere. Det er den vaksne forfattaren som skriv, ikkje barnet i meg. Men eg veit sjølvsagt koss det er å vere barn. Nett som dei som skriv for vaksne, veit koss det er å vere vaksne. Eller barn.  Det er ikkje noko skilnad her. Skilnaden mellom meg og forfattarar av vaksenlitteratur er at eg heile tida veit at det eg skriv, må leggjast til rette språkleg for ein som ikkje har lese i så mange år. Og ikkje har levd i så mange heller. Du kan samanlikne skriving med å lage radioprogram: Dei ulike kanalane har ikkje ulike tekniske løysingar, programma blir laga på same måte, men dei rettar seg likevel til ulike lyttarar.

– Korleis opplev du å reise rundt og formidle frå bøkene dine, gir det inspirasjon og kan hende idear til vidare arbeid?

Mest av alt blir eg inspirert av at språk betyr så uendeleg mykje for barn og unge.  Vaksne har lenge diskutert om unge – og spesielt gutar – les for lite. Skriftspråket har dei i alle fall eit tett forhold til. Gutar som jenter skriv kvar dag! Aldri har unge skrive så mykje som no! Dei skriv på pc-ar og mobilar. Eg opplever det som om skriftspråket står sterkare enn nokon gong. Og kjem eg til skolar for å ha skrivekurs, er det ikkje vanskeleg å få barn og unge til å skrive! Dei er modige og kastar seg inn i nye tema og utprøver ukjende former. Og så kan ein jo gi dei moglegheit til å arbeide vidare med lesing av ulike bøker.

– Korleis trur du oppveksten din i Høyanger påverkar forfattarskapet ditt?

Ein sluttar å vere barn, men ein ber barndommen med seg. Så barndom er viktig for alle liv – og i alle forfattarskap. Eg var så heldig å vekse opp i Høyanger – ein ørliten by, eit oversiktleg samfunn, ein minimodell av verda og livet. Klart det har gitt meg innsikt og erfaringar som eg aldri skubbar frå meg. Dagleg bruker eg erfaringane mine som barn for å takle og forstå mitt vaksne liv.

– Kva betyr det å skrive på nynorsk for deg?

Eg veit ikkje om anna. Så eg tenkjer ikkje på det, eg berre skriv.

– Det er mykje snakk om at det å skrive barne og ungdomslitteratur ikkje er like anerkjend som det å skrive vaksenlitteratur, har du nokre kommentarar på det utifrå di erfaring?

Om ein med anerkjenning meiner at ein får lange og mange omtalar i aviser og litterære tidskrift, så er anerkjenninga lita. Om ein synest at det er viktig at det ein skriv, betyr noko for å utvikle språk – både det å lese, skrive og snakke, kan ein vere stornøgd. Tekstane mine blir brukte i svært mange leseverk – på mange trinn. Det er gler meg. Skrivinga mi, tenkjer eg, er med på å gi barn språkleg dugleik. Denne dugleiken som er så viktig for å forstå både seg sjølve og andre. Og dette får altså eg vere med på ved å skrive for barn og unge. Det er den høgste anerkjenning! Slik tenkjer eg på skrivinga mi. At ein del journalistar og litteraturvitarar ikkje har oppdaga kven dei ivrigaste lånarane og lesarane av bøker i vårt land er, må dei sjølve svare for.

– Har du eit nytt bokprosjekt på gong som du kan gje eit hint om til Bokdykk sine besøkande?

Åja, eg er nett ferdig med ei bok om ei gut som gjer ei eventyrleg reise. Det står på liv og død. Eg vil føre unge lesarar inn i ei spennande forteljing om eit viktig og vanskeleg tema: å kunne leve godt med tanken på at vi skal dø. Eg vil flytte døden inn i livet igjen, for å gi perspektiv på livet. Og derfor har eg latt reisa gå til Egypt, til den gamle kulturen der døden var ein del av livet. Det har vore vanskeleg å skrive denne boka fordi temaet er tabuert. Den naturlege død er tabu, samtidig som vi blir overlessa med dramatiske soger om mord. Mordgåter står som mygg i sommarkvelden, mens den “vanlege visse død”, den som livet kvar dag, kvar stund, fører oss mot, den gøymer vi under alle desse høgdramatiske sogene. Men eg vil altså at vi skal ta førestillinga, tankane og snakket om døden tilbake i liva våre, nettopp for å gjere livet rikare.

Klart det er vanskeleg å skrive om dette for barn. Men det gjer det ikkje mindre viktig å få det til på eit ordentleg vis.

Og eg har altså gjort eit forsøk med Den uendeleg reisa som snart skal i trykken. Eg les korrektur nett no og ser for første gong vignettane, teikn frå dei gamle egyptarane sitt skriftspråk, vakkert gjenskapte av Mikkel Gruner.