Spørsmål eg ofte får

Kvifor er det så mange munnar i bøkene dine?

Det er jo mykje fint ein kan gjere med munnar: Rope på ein venn. Fortelje noko morosamt. Unnskylde deg så du får bestevennen din igjen. Kviskre ein løyndom. Eller kva med eit kyss? Det må vere munnar i bøker, mange munnar, trur eg.

Du skriv om slikt som kan vere vanskeleg, slikt som vaksne ikkje snakkar om, trur du det er så vanskeleg å vere barn?

Det er fint – og vanskeleg – å vere barn. Men det som er vanskeleg, blir ikkje fullt så vondt når ein set ord på det. Å setje ord på ting er å prøve å forstå, og i bøker kan ein setje ord på alt, det morosame og det vanskelege. Den som les, kan seie, ja, slik er det! Og så kan ein lese om at det vonde går over, og at ein ikkje er aleine. Og det hjelper! Eg trur at bøker kan trøste. Eg trur at alle forteljingar eigentleg fortel at det gjeld å halde ut, så ordnar det seg, så blir det bra til slutt.

Kvifor vil du skrive?

Eg blir glad av å skrive.

Du skriv for barn, er du spesielt glad i barn?

Eg liker barn, dei som eg kjenner og synest er greie. Men eg liker ikkje barn betre enn vaksne. Eg vil heller seie at eg likte godt å vere barn.

Kvifor likte du så godt å vere barn, da?

Eg syntest det var interessant og morosamt. Det var så mykje å sjå og oppleve. Auga mine var så nye, og eg hadde evne til å oppdage og undre meg over det meste. Mest kvar dag hadde noko heilt nytt å by på! Når eg skriv, får eg på eit vis vere barn igjen.

Likte du å gå på skolen?

Ja. Eg likte meg på skolen fordi det var vaksne der som brydde seg om oss. Og så likte eg å lese, og på skolen kunne eg låne bøker. Eg likte å skrive også. Og det går det jo fint an å gjere på skolen. Dessutan likte eg å berre sitje tett saman med nokon og snakke om hemmelege ting. Og alt det passar skolen fint til.

Må alle lære seg å lese?

Eg meiner at kvart enkelt barn gjer eit viktig arbeid for alle oss andre når dei les eller lærer seg å lese. Samfunnet ville gå heilt i stå om barn nekta å lære seg å lese. Lesekunsten er på ein måte maskineriet i samfunnet. Men det er ikkje så lett heilt i starten, derfor har eg også skrive nokre bøker som har korte kapittel, så dei skal vere fine å øve seg på.

Kva liker du å lese?

Eg liker å lese slikt som eg ikkje har tenkt på før, ting eg ikkje kunne ha kome på sjølv. Men det er klart, når eg les, diktar eg jo litt sjølv også, eg brukar litt av meg sjølv. Og nett det tenkjer eg at mine lesarar gjer også. At lesaren liksom reiser inn i teksten min, og på den reisa har han sjølvsagt med seg sine tidlegare opplevingar og tankar om alle ting. Og det er desse tankane han brukar til å tolke det han les, men som eg altså har skrive. Slik møtest vi på same reise!

Meiner du altså at den som les, er med på å skrive boka han eller ho les i?

Ja, på ein måte. Tenk på det å reise igjen! Når du reiser, kjem du til nye stader og du møter menneske du ikkje visste var til. Men du må sjølv ta ut på reisa, og du må sjølv få folk til å snakke med deg. Når vi reiser – og les – forstår vi meir både av oss sjølve og andre. Det gjer det meir moro å leve.

Korleis kjem du på det du skriv om?

Eg ser noko som eg ikkje heilt forstår, men som eg vil finne ut av. For å finne ut av noko, må eg tenkje. Og mens eg tenkjer, skriv eg. Å skrive er å tenkje, å undersøkje og finne samanhengar.

Skriv du kvar dag?

Nei, men eg les kvar dag.

Kor lang tid tar det å skrive ei bok?

Somme bøker tar det lang tid å skrive. Det er så mykje eg må undersøkje. Slik var det å skrive Reisa til Maria. Mens andre bøker er slik at du liksom ikkje får skrive dei fort nok – som Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen.

Kunne du skrive ei bok om oss, om vår klasse?

Mine bøker er dikting. Men eg trur jo at når ein fantaserer, når ein lagar ei forteljing, så kjem ein inn på det som er meir enn verkeleg. Eg kan ikkje seie at det som er fortalt i ei bok har hendt der og da. Og likevel er det sant. Meir enn sant! Når eg sjølv les, når eg sjølv finn ei god bok som andre har skrive, tenkjer eg at nettopp fordi den er fantasert fram, så blir den tydelegare og sannare enn det som verkeleg har hendt. Jo, det er slik med litteratur, du må berre finne den rette boka – for nett deg. Ut og leit, da vel!